Episode 1
Meg møter ein ny fyr på jobb og inviterer han på date – for å spele favorittspelet hennar, Kingdom Scrolls.
Episode 2
Det blir laga film av Kingdom Scrolls, men Meg og Nicky er ikkje nøgde med skodespelarane.
Episode 3
Meg og Nicky skal gifte seg i spelet, men ting blir snart komplisert.
Episode 4
Meg startar med strøyming, men Alison tviler på at ho vil klare å livnære seg på geskjeften.
Episode 5
Faren til Nicky begynner å spele for å komme nærare sonen. Men det er vanskeleg å bygge bru når Nicky stadig drep han.
Episode 6
Meg, Nicky, Usman og Russell er i ferd med å runde Kingdom Scrolls og bestemmer seg for å cosplaye sistebrettet.
Episode 7
Etter åtte månader er den nye utvidingspakken til Kingdom Scrolls endeleg her. Vil han leve opp til forventningane?
Episode 8
Alison prøver å overtyde Meg til å ha ein sunnare livsstil. Nicky blir slakta og sløgd i spelet av ei jente med venger. Han forelskar seg tvert.
Episode 9
Meg prøver å imponere reparatøren for varmvassanlegget. Nicky vil komme tettare innpå Daisy.
Episode 10
Meg strever med å balansere tida mellom spelet og kjærasten. Nicky blir trolla av fan-hærskaren til Daisy.
Episode 11
Nicky og Meg må vere i den verkelege verda heile kvelden då ei etterlengta oppdatering til spelet tar over fem timar å laste ned.
Episode 12
Nicky skal snart treffe Daisy IRL. I mellomtida har Meg børsta støvet av ein gammal versjon av Kingdom Scrolls for at alle tre kan spele saman.